Guinea: Rundt 135 døde etter fotballkatastrofe
Menneskerettsorganisasjonar i Guinea reknar med at rundt 135 menneske har mista livet etter opptøyar under ein fotballkamp søndag kveld, skriv AFP.
Det er over dobbelt så høgt som det offisielle dødstalet frå regjeringa, som sa at minst 56 personar mista livet.
Organisasjonane baserer tala sine på opplysningar frå sjukehus, kyrkjer, tilskodarar, pårørande og lokale medium.
Regjeringa har lova å sette i gang ei undersøke for å kartlegge kva som har skjedd.
Styresmaktene har ikkje kommentert tala frå menneskerettsorganisasjonane.