Enorm redning – likevel Villa-tap
Aston Villa-keeper Emiliano Martínez stod for ei feberredning på stillinga 0-0, men Birmingham-laget tapte likevel 2–1 borte mot Nottingham Forest laurdag kveld.
Etter Martinez si spektakulære redning sende Jhon Durán bortelaget opp i 1–0. Mål av Nikola Milenkovic i det 87. minutt og Anthony Elanga tre minutt på overtid snudde derimot kampen til fordel Nottingham Forest.
Det gamle storlaget har overraska stort i årets Premier League og ligg no på fjerdeplass.
Forest kan bli tatt igjen av Manchester City om dei slår Manchester United søndag.