World News in Norwegian

Farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskred på Vestlandet

NRK.no 

Frå søndag til måndag morgon er det gult nivå på farevarsel på jord-, sørpe- og flaumskred for midtre og indre strøk på Vestlandet, ifølgje varsom.no.

Søndag er det venta kraftige regnbyer enkelte stader, og snøsmelting grunna stigande temperaturar. Faren for sørpeskred er særleg der det er meir enn 50 centimeter snø. Desse kan utvikle seg til flauskred.

– Hald deg unna bratte skråningar, inklusiv bekkar og elvelaup med stor vassføring. Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, er oppmodinga frå styresmaktene.

Читайте на 123ru.net