World News in Norwegian

Forsvaret kjøper luftvern frå Kongsberg for 2,7 milliardar kroner

NRK.no 

Kongsberg Defense & Aerospace skal levere ytterlegare to Nasams luftvernbatteri og to simulatorar til Forsvaret. Kostnaden er på 2,7 milliardar kroner.

Forsvarsmateriell og Kongsberg Defense & Aerospace (KDA) underteikna kontrakten torsdag.

– I 2024 har vi sørgt for eit taktskifte som gjer at vi på under eitt år er sikra leveransar tilsvarande fire Nasams-batteri til Forsvaret. Denne milepælen legg eit solid grunnlag for framtidige anskaffingar, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Totalt har Forsvarsmateriell inngått Nasams-kontraktar med KDA verd 5,7 milliardar kroner i 2024.

Читайте на 123ru.net