World News in Norwegian

Skal avhøyre flypassasjerar etter at fly køyrde av rullebana i Molde

NRK.no 

Politiet skal i dag følge opp hendinga der eit rutefly køyrde av rullebana i Molde torsdag kveld. Flyet stoppa få meter frå sjøen og 171 personar blei evakuerte.

– I dag kjem vi til å ta opp diverse etterforskingsskritt som blei hengande etter gårsdagen. Det er forskjellige personar som var involvert i hendinga som må bli avhøyrt, seier Jørgen Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet kjem også til å drive med teknisk sporsikring på staden på morgonkvisten. I tillegg vil etterforskingsavdelinga i politiet ta over saka og jobbe vidare med den.

Havarikommisjonen og politiet sine kriminalteknikarar, vil saman med teknikarar frå Norwegian følge opp saka i dag.

Читайте на 123ru.net