World News in Norwegian

Barth Eide fordømmer angrepet på julemarknad

NRK.no 

Utanriksminister Espen Barth Eide seier han fordømmer angrepet på julemarknaden i Tyskland fredag kveld.

– Først og fremst er det viktig å tenke på dei råka, men også korleis effekt dette kan få i Tyskland, der det går mot val, seier Barth Eide.

Ein 50 år gammal mann er kopla til angrepet. Mannen skal vera frå Saudi-Arabia, men har budd i Tyskland sidan 2006.

Ifølge ei rekke tyske aviser er mannen islamkritikar, men også kritisk til tyske styresmakter. Politiet har enno ikkje sagt kva motiver til mannen skal ha vore.

To personar mista livet og 60 vart skadd i angrepet. Barth Eide seier dei ikkje har informasjon om at nokon frå Noreg er råka.

Читайте на 123ru.net