Mann i 20-åra arrestert for truslar
Politiet arresterte søndag ettermiddag ein mann og sikta han for truslar etter ein væpna politiaksjon i Bjørnafjorden. BT omtala saka først.
Til NRK opplyser Vest politidistrikt at mannen i 20-åra blei arrestert søndag på grunnlag av ei melding om tvang og truslar seint laurdag kveld.
Jourhavande opplyser at mannen er sikta for truslar.