Snøstorm på Balkan: 200.000 hus utan straum
Over 200.000 hus i Bosnia-Hercegovina var onsdag utan straum for andre dag på rad etter ein snøstorm, melder Reuters.
Byar og landsbyar i nordvestlege og sentrale Bosnia opplevde straumbrot, ifølge landets kraftselskap.
Mange vegar var framleis blokkert, noko som kutta tilgangen til byar og landsbyar.
I Kroatia redda naudmannskap 48 personar som blei tatt av snøras i Lika-regionen.
I Slovenia hindra sterk vind og snø eit redningshelikopter frå å nå turgåarar i Alpane.
I vestlege Serbia var 10.000 hus utan straum store delar av onsdagen, ifølge Tanjug nyheitsbyrå.