Få studentar veit kven statsråden er
Berre 12 prosent av norske studentar veit kven som er statsråd for forsking og høgare utdanning. Det viser ei undersøking Sentio har laga for Khrono.
Statsråden, som er Oddmund Hoel frå Senterpartiet, seier dette er for dårleg, både av statsråden sjølv og studentane.
For å få fleire studentar til å hugsa kven han er, planlegg han å reisa meir rundt til studiestader.