Rundt 60.000 passasjerar råka av togstans
1. juledag blei togtrafikken i heile landet stansa grunna ein feil på kommunikasjonssystemet til Bane Nor.
Togselskapa anslår no at rundt 60.000 passasjerar blei råka av togstansen, ifølgje P4 Nyhetene.
Samferdsleministeren har kalla inn Jernbanedirektoratet, Statens jernbanetilsyn og Bane Nor til eit møte om hendinga 7. januar.