Kraftig brann i båt i Vanylven på Sunnmøre
Politiet melder at det brenn i ein båt på Rovdefjorden. Naudetatane er på veg til staden.
– Det brenn kraftig i båten. Siste meldinga er at ein nærliggande båt har tatt hand om eigaren av båten, seier Paul Ola Vestre ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.
Det skal ikkje ha vore fleire personar om bord i båten. Vedkomande skal bli undersøkt av helsepersonell.