Hastemøte i Tryggingsrådet etter angrep mot sjukehus i Gaza
Tryggingsrådet i FN skal fredag ha eit hastemøte om eit israelsk angrep mot sjukehus på Gazastripa, melder NTB.
Møtet skal bli leia av Algerie, som har formannsvervet denne månaden.
Det er ikkje venta at det vil kome ei felles fråsegn som fordømmer dei israelske angrepa fordi USA legg ned veto mot slike fråsegner.