Bilen til Kamelen brann i natt
Ein BMW eigd av artisten Kamelen gjekk opp i flammar i natt i Bergen.
Artisten, som heiter Marcus Kabelo Møll Mosele, har sjølv delt ein video av bilbrannen på Instagram.
– Det var den bilen, skriv han.
Han stadfester til Bergens Tidende at bilen tilhøyrde han.
Politiet har oppretta sak, men førebels er ingen mistenkt for å ha gjort noko straffbart, seier jourhavande jurist i Vest politidistrikt, Eli Valheim.
Brannvesenet meldte om brannen i 2-tida i natt. Bilen sto i C. Sunds gate i Bergen.
Mosele og ein annan person vart avhøyrd i natt på staden, fortel Valheim.
Bilen er ikkje taken i beslag av politiet. Den vart brakt av garde med bilbergar laurdag morgon.
Bergensavisen omtalte saka først.