Framleis stans på ei av to Bybane-linjer
Linje 1 på Bybanen i Bergen går framleis ikkje søndag morgon.Årsaka er at ein køyreleidning er øydelagt.
– Vi har sikkert ein fire timars arbeid igjen for å lappe dette saman, seier Arild Sundal, leiar for infrastruktur på Bybanen.
Når vognene ikkje har køyrd på ei stund, blir køyreleidningen over sporet full av is.
Mannskap har vore ute i heile natt for å måke sporet og fjerne isen på leidningen. Men da dei skulle ta ein testtur i dag tidleg, gjekk det skeis.
Vogna brente av kontaktleidningen på grunn av isen som låg på. No må dei må den reparerast.
Etter at leidingen er i orden att, må dei nok ein gong fjerne isen og testkøyre.
– Det er eit krevjande arbeid og mykje folk i sving. Vi gjer det vi kan, seier Sundal.
Planen var at vognene skulle gå att frå klokka 8.
Det køyrer buss for bane mellom Festplassen og Bergen lufthavn. Buss for bane køyrer omtrent kvart 30. minutt, melder Skyss.
I går var det full stans i begge Bybane-linjene fram til klokka 14, da linje 2 starta opp att.