Bybanens linje 1 opnar ikkje sundag
Framleis går ikkje ei av to linjer på Bybanen i Bergen etter snøkaoset laurdag. Årsaka var først at straumleidningen over sporet vart øydelagt på Slettebakken.
Men når banen har testkøyrd nokre gongar sundag ettermiddag, så er leiaren for infrastruktur framleis ikkje tilfreds. Problemet er dei store snømengdene.
– Vi har nettopp vore ute på ein testtur, og vi er ikkje komfortable med forholda. Vi er nødt til å ta ein del grep før vi kan opna for trafikk, seier Arild Sundal til NRK like over klokka 15.
Ein halvtime seinare sender han følgande tekstmelding til NRK:
– Vi opnar ikkje linje 1 i dag. Vi brukar alle ressursar no på å klare å opna i morgon tidleg.
Linje 2 går som normalt.