Nesten tre i promille
Ein mann i byrjinga av 40-åra som bur i Romsdal er dømd for å køyrd bil med 2,96 i promille i september.
Bilen hamna i grøfta, og mannen som køyrde utan førrarkort, må sone 36 dagar i fengsel.
Han må og betale ei bot på 60.000 kroner, og blir utan førarkort i fire år.
Mannen fekk redusert straff fordi han tilstod.