World News in Norwegian

LO-leiaren møter ikkje på NHO sin årskonferanse

NRK.no 

– Sjukelønnsordninga som dette etter kvart har blitt å handle om, er ei så viktig sak for LO at når vi opplever at arbeidsgjevarsida anført av NHO rett og slett går til angrep på ordninga, så er det ein så stor provokasjon at det ikkje var naturleg å takke ja til den konferansen.

Det seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik om kvifor dei ikkje er til stades på NHO sin årskonferanse.

Under Politisk kvarter i dag møtte NRK også administrerande direktør i NHO Ole Erik Almlid.

– Eg skulle gjerne ønska at Følsvik hadde vore her. Men når ho vel å ikkje vere her, så er det hennar val. Og det får vi berre respektere.

Han seier likevel at dei er klare for å møte LO for nye samtalar om sjukelønnsordninga.

– Eg håpar vi får møtast om ikkje så lenge, alle partar, for å snakke om det er mogleg å kome vidare. Vi har god erfaring med å vere ueinige om noko, og likevel samarbeide med andre ting. Det er kjenneteiknet på eit partssamarbeid gjennom 90 år, seier Almlid.

LO ønsker å frede den såkalla IA-avtalen dei neste fire åra, medan NHO meiner kutt i sjukelønna må vere ein del av diskusjonen for å få ned sjukefråværet.

Читайте на 123ru.net