Antarktis: Fann 1,2 millionar år gammal is
Forskarar i Antarktis har for første gong tatt prøver av is som er over 1,2 millionar år gammal. Gjennom fleire år har dei bora seg 2800 meter ned, heilt til berggrunnen under isen.
Isprøvene vil kunne gje viktige svar om korleis klimaet på jorda har utvikla seg, og også om forventa klimautvikling framover i tid.
– Dette er ein milepæl for klimavitskapen, seier seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt, Elisabeth Isaksson.
Når forskarane borar ut såkalla iskjerner, som er ein lang "sylinder" med is, kan dei blant anna hente ut data om nedbør, temperatur og forureining, og dei kan sjå om det har vore store skogbrannar eller vulkanutbrot i dei ulike tidsperiodane. Med ein samanhengande iskjerne som går frå overflata og tvers gjennom heile isen, får forskarane ei "tidslinje" som viser utviklinga.
– Forskarane har ikkje hatt slik informasjon tidlegare, seier Isaksson.
Beyond EPICA Oldest Ice er støtta av EU, og omfattar forskingsinstitusjonar i ti land, blant andre Norsk Polarinstitutt og Universitetet i Bergen.