Fann bombe i taxi utanfor Stockholm
Tre personar skal vere pågripne etter ein passasjer sa hen hadde ei bombe med seg i ein taxi. Det melder Aftonbladet.
Eit stort område blei sperra av, og bomba blei detonert ein annan stad av bombeekspertar.
Politiet etterforskar saka som førebuing til alvorleg samfunnsfare og grovt brot på lov om brannfarlege og eksplosive varer.