World News in Norwegian

Støre om Trump-utspel om Afghanistan: – Respektlaust

NRK.no 

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) reagerer kraftig på utspel frå USAs president Donald Trump i eit intervju med Fox News hevda at USA bar hovudbyrda i krigen og kritiserte dei allierte for innsatsen.

– Dei falne, dei etterlatne og dei som tente i Afghanistan, fortener å bli omtala med sanning og respekt. Utsegna frå USAs president er respektlause, skriv Støre på si Facebook-side.

Han seier han har stor forståing for at både veteranar og pårørande reagerer sterkt på utsegnene.

Støreviser til at Nato-landa stod saman i Afghanistan i 20 år, og at rundt 10.000 norske soldatar tente der.

Ti nordmenn mista livet.

– Norske soldatar blei ståande til siste slutt i Kabul, skulder ved skulder med våre amerikanske allierte, avsluttar Støre.

Читайте на сайте