World News in Norwegian

Sikkerheitsdepartementet i USA: Den drepne hindra agentar

NRK.no 

Alex Pretti, som blei skoten og drepen av føderale agentar i Minneapolis laurdag, var på staden i fleire minutt før skytinga, ifølge Det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS).

Immigrasjonspolitiet (ICE) og grensepolitiet (US Border Patrol) er begge er føderale etatar som ligg under DHS departement.

– Han hindra føderale agentar i å pågripe ein ulovleg innvandrar, seier Gregory Bovino, sjefspatruljeagent i grensepolitiet på ein pressekonferanse.

Han legg til at dei enno ikkje har konkludert om hendinga.

DHS opplyser også at ein føderal agent blei bitten i fingeren under hendinga, og no har mista delar av fingeren.

På pressekonferansen viste styresmaktene bilete av fleire namngitte personar som dei meiner bidrog til uro og opptøyar, og som skadde eller forsøkte å skade føderale agentar

Читайте на сайте