World News in Norwegian

Tidlegare britisk minister går til Reform UK

NRK.no 

Den tidlegare britiske innanriksministeren Suella Braverman har meldt overgang frå Det konservative partiet til det høgrepopulistiske Reform UK, som er leia av Nigel Farage. Det melder fleire britiske medium.

På eit valmøte for Reform UK sa Braverman at Storbritannia er «øydelagt», og at innvandringa er «ute av kontroll», ifølge BBC.

– Vi kan anten halde fram på vegen mot styrt tilbakegang, eller vi kan fikse landet, ta tilbake makta og finne att styrken vår, sa ho ifølge avisa.

Ho er den tredje sitjande konservative parlamentarikaren som har gått til Reform UK dei siste to vekene.

Braverman opplyser at ho har meldt seg ut av Det konservative partiet etter 30 år som medlem.

– Eg kjenner at eg har kome heim, sa ho til tilhengarane av Reform UK, skriv BBC.

Braverman har sete i parlamentet sidan 2015. Ho var riksadvokat under Boris Johnson og blei innanriksminister under Liz Truss i september 2022.

Ho måtte gå av ein månad seinare etter at ho fleire gongar vidaresende offisielle dokument til sin private e-post.

Då Rishi Sunak tok over som statsminister, utnemnde han henne på nytt til innanriksminister.

Året etter fekk ho sparken etter ein kronikk der ho skulda politiet i London for «å vere på side med pro-palestinarar» under demonstrasjonar.

Читайте на сайте