World News in Norwegian

Melania Trump uttaler seg om Minneapolis

NRK.no 

USAs fyrstedame Melania Trump kom med ei oppmoding om fredelege protestar i eit intervju i samband med lanseringa av ein dokumentarfilm om seg sjølv.

– Eg er imot vald. Så ver så snill, dersom det skal bli protestert, så gjer det på ein fredeleg måte, sa ho i eit intervju med Fox and Friends.

– Vi må stå saman. Eg oppmodar til samhald, la ho til.

Utsegna kjem etter at to demonstrantar har blitt drepne av føderale styrker under demonstrasjonar i Minneapolis.

Читайте на сайте