Kunde truga med pistol i butikk i Bergen
Politiet fekk klokka 09.16 melding frå tilsette i ein butikk om ein kunde som truga med pistol i Bergen sentrum. Hendinga skal ha skjedd i samband med at mistenkte vart konfrontert med mogleg tjuveri. Politiet vart ringt opp både frå tilsette og andre kundar. Politiet har kontroll på den mistenkte, som vart pågripen på Bybanen. Personen hadde eit gassvåpen på seg.