Fleire land med felles fråsegn om Navalnyjs død
Storbritannia, Sverige, Frankrike, Tyskland og Nederland er sikre på at den russiske opposisjonspolitikaren Alexei Navalny blei forgifta med dødeleg gift, skriv britiske myndigheiter i ei pressemelding.
I fråsegna står det at gifta skal vere henta frå pilgiftfroskar i Sør-Amerika.
Navalnyj sona ei fengselsstraff i Sibir på 30 år på tidspunktet han døydde. Russland hevda at døden var naturleg.
Men i fråsegna hevdar dei fem landa at Russland hadde «middel, motiv og moglegheit» til å forgifte Navalnyj.
– Vi er ytterlegare uroa for at Russland ikkje har destruert alle sine kjemiske våpen. Vi og våre partnarar vil ta i bruk alle politiske tiltak vi har til rådigheit for å halde fram med å ansvarleggjere Russland, står det i fråsegna.