World News in Norwegian

Jesse Jackson er død

NRK.no 

Den kjende borgarrettsforkjemparen og presidentkandidaten Jesse Jackson har gått bort 84 år gamal, skriv NBC.

Jackson var ein amerikanske politikar for Det demokratiske partiet. Han var også leiar av fleire hjelpeorganisasjonar og aktiv i borgarrettsrørsla.

– Faren vår var ein tenande leiar – ikkje berre for vår familie, men for dei undertrykte, dei utan ei stemme og dei som var oversett rundt om i verda, seier familien i ei fråsegn, skriv NBC.

Familien omtalar Jackson som ein person med stor tru på rettferd, likskap og kjærleik.

– Vi ber dykk om å heidre hans minne ved å halde fram kampen for dei verdiane han levde etter, seier familien.

Читайте на сайте