Fransk oljetankar sloppe fri
Ein oljetankar, som Frankrike mistenker for å vera ein del av den russiske skuggeflåten, er sloppe fri frå arrest. Det melder nyheitsbyrået Reuters.
Det var for ein månad sidan at den franske marinen stansa skipet i Middelhavet.
Styresmaktene sa då at dei mistenkte at skipet blei brukt av Russland til å omgå internasjonale straffetiltak, og for å segla under falskt flag.