Vegvesenet: – Veldig mange meldingar om glatte vegar
Det er som varsla glatt, og vanskelege køyreforhold langs heile vestlandet i dag.
Sjåførar i Florø, Eigersund og Øygarden melder ifrå om at bildekka glepp.
Det er sendt ut gult farevarsel for is i både Rogaland, Oslo-regionen og Vestland. Varselet gjeld frå fredag kveld klokka 19, til laurdag klokka 13.
Natt til fredag var det òg ein bil som skal ha køyrt av vegen, rulla rundt og treft ein fjellvegg på vinterføret utanfor Førde.
– Vi hadde oss ein runde med salting i natt, men dette har regna vekk , fortel trafikkoperatør Andreas Rasmussen.
No er entreprenørar ute for å forsøke å legge ein ny runde med salt, som kan gjere at vatnet ikkje frys til på vegane.
– Det kan vere at asfalten ser fin og svart ut, men likevel er glatt. No må ein ta ned farten, tilrår Ramussen.