World News in Norwegian

Minst 165 drepne etter angrep mot skule i Iran

NRK.no 

Dødstalet etter angrepet mot ein jenteskule sør i Iran har stige til 165, melder iranske statlege medium.

Dei fleste ofra skal vere barn, ifølge The New York Times.

Angrep mot skular kan vere brot på folkeretten, åtvarar FNs barnefond Unicef.

Iran meiner USA og Israel sto bak angrepet, men dei to landa nektar for det.

Tala er ikkje uavhengig bekrefta.

BBC melder at skulen ligg om lag 600 meter frå ein militærbase som tilhøyrer den iranske revolusjonsgarden.

Minst 201 personar er drepne og 747 skadde i luftåtak i Iran sidan laurdag, opplyser Irans Raude Halvmåne, ifølge BBC.

Читайте на сайте