World News in Norwegian

Russisk utsending: Diskuterte energikrise med USA

NRK.no 

Russlands presidentutsending Kirill Dmitrijev seier han har diskutert den globale energikrisa med amerikanske motpartar under eit møte i ei amerikansk-russisk arbeidsgruppe for økonomi i Florida. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

– Fleire land, særleg USA, forstår no i større grad den sentrale rolla russisk olje og gass spelar for stabiliteten i verdsøkonomien, skriv Dmitrijev på Telegram.

Han la til at sanksjonane mot Russland er «ineffektive og øydeleggande.»

Читайте на сайте