World News in Norwegian

Israel seier dei har gått inn i område sør i Libanon

NRK.no 

Det israelske militæret (IDF) seier soldatar har gått inn i område sør i Libanon der Hizbollah har tilhald

På X skriv hæren at dei har starta «avgrensa og målretta bakkeoperasjonar» mot det dei omtalar som Hizbollah-posisjonar i området, for å styrke forsvaret nord i Israel.

Tidlegare i mars meldte Israel at dei hadde plassert styrkar fleire stader i Sør-Libanon langs grensa.

IDF også sendt fleire styrkar djupare inn i Sør-Libanon for å utvide det dei omtalar som ei buffersone mot Hizbollah, ifølge Times of Israel.

Israel har frå før oppretta ei slik buffersone i delar av området for å halde Hizbollah-styrkar unna grensa mot Nord-Israel.

Читайте на сайте