World News in Norwegian

Rett24: VG-journalist som nekta å forklare seg i retten får bot

NRK.no 

VG-journalist Bjørn Haugan har fått ei bot på 60.000 kroner etter at han nekta å forklare seg i saka mot den korrupsjonstiltalte Stein Lier-Hansen, melder Rett24.

Haugan var kalla inn som vitne for å forklare seg om 147 restaurant- og barbesøk.

Målet er å få avklart i når journalisten faktisk var til stades, slik at ein kunne få kartlagt i kva grad Lier-Hansen triksa med rekningane.

Men Haugan viste til kjeldevernet til pressa, og nekta å forklare seg i retten.

Både tingretten, lagmannsretten og Høgsterett har avvist at opplysningane er dekt av kjeldevernet.

VG har opplyst at dei vil betale bota til Haugan, skriv Rett24.

Читайте на сайте