Kattar fekk ikkje nok tilsyn – no er eigaren dømd
Ei kvinne er i Sogn og Fjordane tingrett dømt for å ikkje gi dei fem kattane sine nok mat, drikke og stell gjennom tre månader hausten 2024. Kvinna såg berre til dyra 2–3 gonger i veka. Ein av kattane fekk ikkje noko som helst tilsyn eller stell gjennom ni dagar, og blei funnen «redd og stressa, svolten, dehydrert og med behov for veterinærbehandling». Kvinna er dømt til fengsel på vilkår i 30 dagar og må betale Mattilsynet 4714 kroner i erstatning. Med unntak av eit kjæledyr ho allereie har, får ho ikkje lov å eige eller stelle andre dyr. Читать дальше...