IDF: To gissel er døde

NRK.no 

Militæret i Israel (IDF) stadfestar at to menn som var haldne som gissel på Gazastripa er døde.

Dei to gissela skal ha blitt haldne fanga av Hamas i Khan Younis og døydde for fleire månadar sidan, mens IDF opererte i området.

IDF har ikkje gått ut med detaljar om korleis mennene døydde, men ifølge Times of Israel blir det etterforska om dei to mennene blei drepne av israelske styrkar.

Begge gissela blei tekne til fange av Hamas 7. oktober i fjor.

Читайте на 123ru.net