Rykka ut etter funn av tom kano

NRK.no 

Politiet meldte litt over halv fire om ein fiskar som hadde observert ein tom oppblåsbar kano som flaut i Figgjoelva. Politiet og dykkarar frå brannvesenet rykka ut.

Litt over klokka fire stadfester politiet at ein mann og ei jente har blitt observert på ein holme i nærleiken. Personane stadfestar at dei er eigarane av kanoen.

Personane blir tatt i land ved hjelp av brannvesenet.

– Vi har ingen opplysingar som tilseier at dei ikkje er i fin form, seier operasjonsleiar Sindre Hamre Lotsberg i politiet til NRK.

Politiet fortel vidare at dei har kontroll på situasjonen, og at dei ikkje reknar at det er personar i elva.

Читайте на 123ru.net