WHO seier at Israel går med på humanitære pausar i Gaza

NRK.no 

Verdshelseorganisasjonen (WHO) seier det israelske militæret har gått med på tre humanitære pausar i tre område i Gaza for å starte poliovaksinasjon.

Ifølgje ein tenestemann frå organisasjonen skal dei humanitære pausane i Gaza for poliovaksinering vare i åtte timar om dagen, det skriv Reuters.

Hamas ønskjer FN sitt krav om ein humanitær pause for å gjennomføre ein vaksinasjonskampanje velkommen. Vi er klare til å samarbeide med internasjonale organisasjonar, sa ein tenestemann frå gruppa til Reuters.

FN leverte i helga 1,2 millionar dosar med poliovaksine til Gaza, der det for fyrste gong på 25 år nyleg vart påvist poliosmitte hos eit spedbarn.

Читайте на 123ru.net