Nasjonalt problem med politiet sitt naudnummer

NRK.no 

Ein nasjonal teknisk feil gjer at politiet ikkje er tilgjengelege på 112.

Politiet ber publikum til å ringje 02800 i naudssituasjonar.

Operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Marita Aune stadfestar til NRK, at dei har problem med naudnummeret.

– IKT-tenesta til politiet jobbar med å finne ut av feilen, og per no er det vanskeleg for meg å gje eit tidsestimat på når det vert løyst, seier Aune.

Fleire av landets politidistrikt melder om same problem med telelinjene til operasjonssentralen.

Politiet vil kome tilbake med meir informasjon etterkvart, opplyser fungerande seksjonssjef Geir Arne Nessa i Politidirektoratet.

Читайте на 123ru.net