Israel: Skyting mot FN-køyretøy skuldast ein kommunikasjonsfeil

NRK.no 

Israel har fortalt USA at skytinga mot eit FN-køyretøy skuldast ein kommunikasjonsfeil mellom militære einingar i forsvaret deira (IDF).

USA oppmodar Israel til å «rette opp problema i systemet sitt umiddelbart» slik at FN-personell ikkje blir utsett for skyting igjen, ifølgje USAs viseutsending til FN. Det melder Reuters.

Tidlegare denne veka vart eit køyretøy frå Verdas matvareprogram (WFP) skote på, til trass for at køyretøyet var synleg merka og hadde løyver frå IDF.

Køyretøyet vart treft av minst ti kuler, og skytinga har ført til at WFP har stoppa all aktivitet i Gaza inntil vidare.

Читайте на 123ru.net