Åtte til sjukehus etter lynnedslag i Sverige
To av personane skal vere bevisstlause og tilstanden deira er alvorleg. Til saman er åtte personar frakta til sjukehus, skriv svenske Aftonbladet.
Fleire av ofra er tenåringar.
Ulukka skjedde torsdag kveld, under ein fotballtrening på Lidingö, like utanfor hovudstaden Stockholm.
– Tre personar har vorte trefte av lynet på ein fotballbane, stadfestar Lars Lindberg ved redningstenesta.