Politiet: Mann skada i NM i hundekøyring

NRK.no 

Ein mann er frakta til sjukehus etter at han vart skada i NM i hundekøyring som blir arrangert på Bontveit i Fana i Bergen. Det er ukjent skadeomfang, melder politiet. – Det framstår alvorleg, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til NRK.

Eit hundespann kom tilbake i målområdet utan hundeførar. Kort tid seinare vart den mannlege hundeføraren funnen skada i løypa. Han vart køyrd i ambulanse til Haukeland for vidare undersøkingar og behandling. Politiet gjer undersøkingar og avhøyrer vitne. Ein hypotese er at hundespannet kan ha hatt for stort fart ned ein bakke, og at hundeførar har blitt kasta av, skriv politiet.

Styreleiar i Bergen Trekklubb, Kåre Bottolfsen, seier til BT at hundesport er ein sport med risiko og at alle som deltek brukar hjelm.

Читайте на 123ru.net