Fleire evakuerte etter gasslekkasje på Mongstad
Klokka 17.35 søndag vart det meldt om gasslekkasje på Mongstad.
Ifølge Vest politidistrikt er industrivernet på staden og prøver å stengja lekkasjen saman med brannvesenet.
Tilsette på anlegget vert evakuerte, men førebels er ingen andre evakuert.
Ifølgje BA er 115 personar evakuerte, og det er sett opp ein sikringssone rundt anlegget.
Ifølgje politiet er det butan-gass som lek ut. Ingen er skadd i uhellet.