Meldt om brann i bygning i Kvinnherad – observert opne flammar
Sundag kveld rykte brannvesenet ut etter melding om brann i eit leilegheitsbygg på Husnes i Kvinnherad.
Bygget hadde fleire leilegheiter og fleire etasjar. Det vart observert opne flammar, og store ressursar vart sendt til staden.
Etter kort tid vart det klart at bygget var under oppføring, og at ingen budde der. Ifølgje 110-sentralen er det brann i ei heissjakt.
Det er ikkje meldt om skadde personar.
– Det er ikkje fare for spreiing, opplyser politiet.