Høgare prisvekst enn venta i USA

NRK.no 

Prisveksten i USA var på 2,4 prosent i september, målt mot same månad i fjor. Det viser ferske tal frå amerikanske statistikkstyresmakter.

Kjerneinflasjonen, som den amerikanske sentralbanken ser mest på, enda på 3,3 prosent.

Det var 0,1 prosentpoeng høgare enn det eit fleirtal av økonomane hadde venta på førehand.

Det er også framleis eit stykke over målet til den amerikanske sentralbanken, som ønskjer ein prisvekst på kring 2 prosent årleg.

Sentralbanken i USA kutta renta med heile 0,5 prosentpoeng i september, det første rentekuttet på fire år.

Читайте на 123ru.net