Italia: Ber om svar etter åtak mot Unifil

NRK.no 

Forsvarsministeren til Italia, Guido Crosetto seier at åtaket på hovudkvarteret til Unifil tidlegare i dag, ikkje var ein ulukke eller ein feil, skriv Reuters.

– Dei fiendtlege handlingane utførte og gjentekne av israelske styrkar mot basen kan utgjere moglege krigsbrotsverk, sa Crosetto på ein pressekonferanse og la til at Italia har bede om ei offisiell forklaring.

Crosetto sa at den israelske ambassadøren ikkje kunne gje forklaring på åtaket mot Unifil.

Franske styresmakter ber òg om forklaring frå Israel etter åtaket.

Читайте на 123ru.net