Israel: Vil flytte Unifil lenger vekk frå grensa

NRK.no 

FN-utsendinga til Israel seier at landet tilrår at Unifil-styrkane flyttar seg 5 kilometer nord i Libanon. Dette grunngjev Israel med at styrkane unngår fare når kampane mellom Israel og Hizbollah aukar.

Det melder Reuters.

FN-utsendinga sa òg at landet ikkje har eit ønskje om å vere i Libanon, men vil gjere det som er naudsynt for å tvinge Hizbollah vekk frå grensa til Nord-Israel.

Unifil er FNs fredsbevarande styrke i Libanon.

Читайте на 123ru.net