Israel vedtek lov som forbyr UNRWA i landet

NRK.no 

Den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset vedtek ei lov om å forbyde FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) frå å operere i Israel og dei okkuperte områda, skriv Reuters.

Fleire av Israel sine allierte har åtvara mot dette.

UNRWA vart etablert i 1949 for å støtte palestinarar som vart fordrivne då staten Israel vart oppretta i 1948. I dag har organisasjonen om lag 32.000 tilsette som hjelper til palestinske flyktningar i Gaza, Vestbreidda, Syria, Libanon og Jordan, der 13.000 av dei er på Gazastripa.

I dag gjev hjelpeorganisasjonen tenester til 5,9 millionar palestinske flyktningar og deira etterkomarar. Dei tilbyd utdanning, helsetenester, sosialhjelp, mat og bustader.

Читайте на 123ru.net