Mann i 50-åra dømt for seksuell omgang med barn
Hausten 2022 la ei jente ut ein video på TikTok der det blei antyda at ho var blitt utsett for seksuelt overgrep frå ein vaksen. Nettpatruljen fanga dette opp, og saka blei meldt i februar 2023.
Fornærma blei kalla inn til vitneavhøyr i mars 2023, og ein mann i 50-åra blei sikta for seksuell omgang med barn. Under ransaking fann politiet barnepornografi på PC og telefonen til mannen.
Ifølge BA, som først omtalte dommen, var mannen nabo til familien til jenta, og blei skildra som ein familievenn. Jenta hadde nyleg byrja på barneskulen då ho var på overnatting hjå mannen, og valdtekta skal ha skjedd.
Retten meiner omfattande overgrepsmateriale, på over 1000 filer, viser at mannen har ei klar seksuell interesse for barn.
No har Hordaland tingrett dømt mannen til å sone fire år i fengsel.
– Me må gå gjennom dommen før me vurderer om den skal ankast, seier forsvarar Simon Skarstein Waaler til BA.
Mannen må betale oppreisingserstatning til fornærma på 300 000 kroner. Han er også dømt til kontaktforbod på ein periode på fem år, og får inndratt PC og telefon.
– Fornærma og familien er veldig glade for at ho har blitt høyrt, seier bistandsadvokat Henriette Dale til BA.