Undersøking: Norske elevar dårlegare enn før på bruk av data
Norske elevar sakkar akterut når det gjeld digital kompetanse, viser den internasjonale undersøkinga International Computer and Information Literacy Study (ICILS).
Undersøkinga viser at ein større del av norske elevar presterer på eit lågt kompetansenivå i 2023 enn i 2013.
Norske elevar på 9. trinn har delteke i undersøkinga, som blir gjort kvart femte år.
Til saman deltok 4436 norske elevar og 1366 norske lærarar ved 153 skular i undersøkinga.