Giftig røyk etter brann – ber folk lukka vindauge
Eit større verkstadbygg står i brann ved Brekka mellom Eidsvåg og Eidsøra i Molde kommune.
Det er diesel og gass i bygningen og difor eksplosjonsfare. Politiet har sett opp ei evakueringssone på 300 meter.
– Evakuering av bebuarar som bur nært er sett i gong, skriv dei i politiloggen.
Det er ikkje folk i dei andre bygningane som tilhøyrer verkstaden.
Brannvesenet er på plass og har starta sløkking og avgrensing.