Høgsterett behandlar sak etter drap
Striden rundt om ein drapsdømd far skal få ha samvær og foreldreansvar for barnet sitt, hamnar no i Høgsterett.
Faren blei i 2022 dømd til 21 års fengsel etter å ha drepe kona si, og sonar no i fengsel.
Både tingretten og lagmannsretten meiner han ikkje bør ha rett til å ha kontakt med barnet sitt.
Høgsterett har no sagt ja til å behandle saka.